Høyanger Bil as

Arne Idar Nedberge starta Høyanger Bil AS i 1991

Han og to familiemedlemer eig ein tredel kvar av aksjane, men av dei er det kun Arne Idar som jobbar i verksemda til dagleg. Firmaet har fire tilsette og held til i romslege og moderne lokale på Hjetland Industripark. Der er det bilverkstad, vaske-hall og forretning med sal av bilar og diverse komplementære varer. I byrjinga var verksemda ein rein bilverkstad, med enkelte kjøp og sal av bruktbilar. Men i 1993-94 fekk Arne Idar agenturet i Sogn og Fjordane på sal av bilmerka Daihatsu og Kia, for import-giganten Bertel O. Steen. I dag utgjer verkstaden og bilforretninga om lag like store delar av omsetnaden – ca. 90 % totalt. Dei resterande 10 prosenta kjem frå vaskehallen og sal av varer som til dømes batteri, bil-stereo og andre bil-relaterte produkt – samt litt fritidsutstyr, påhengs-motorar og fritidsbåtar. Salet av maritime produkt skjer som underleverandør av Trademark Auto Marine på Sandane. Dei samarbeider også om sal av bilar, men då er rollene bytt om.